Back to Writings Page

 

The Egg

Written by Andy Weir

Translated by A. M. Jansen

 

Du var på vei heim då du døydde.

Det var ei bilulukke.   Ingenting særskild, men likevell daudeleg.   Du forlot ei kone og to born.   Det var ein smertefri daud.   Naudhjelpa prøvde å redde deg, men forgjeves.   Kroppen din var så fullstendeg øydelagt at det var betre slik, stol på meg.

Og det var då du møtte meg.

"Kv...Kva skjedde?" Spurte Du.   "Kvar er eg?"

"Du døydde," sa eg likeglad.   Inga vits i å gå rundt grauten.

"Det var ein... ein lastebil og den sklei..."

"Ja," sa eg.

"Dø...Døydde eeg?"

"Ja.   Men det gjer inga ting.   Alle døyr," sa eg.

Du såg deg ikring.   Det var ikkje noko som helst der.   Bare deg og meg.   "Kor er eg?" spurte Du.   "Er dette livet etter dauden?"

"Sånn nokonlunde," sa eg.

"Er du Gud?" spør Du.

"Ja," svarte eg.   "Eg er Gud."

"Borna mine... kona mi," sa du.

"Kva med dei?"

"Vil dei klara seg?"

"Sånt likar eg," sa eg.   "Du døydde nettop, og hovudbekymringa di er familien din.   Det er bra sakar der."

Du såg på meg med stor interesse.   For deg, så eg ikkje ut som Gud. Eg såg bare ut som ein vanleg mann.   Eller kanskje en kvinne.   Muligens ein myndeg skikkelse.   Meir skolelerar enn almekteg.

"Ikkje ver redd," sa Eg.   "Dei klarar seg.   Borna dine vil hugse deg som perfekt på alle måtar.   Dei hadde ikkje tid til å forakte deg. Kona di vil græte på utsida, men vere løyndommeleg letta.   For å vere ærleg gjekk forhaldet dykkar dårleg.   Viss det er til nokon hjelp, vil ho kjenne seg skuldeg for å kjenne seg letta."

"Åh," sa du.   "Så kva skjer no?   Dreg eg til himmelen eller helvette eller noko?"

"Inga av delane," sa Eg.   "Du vil verte gjenfødd."

"Åh," sa du.   "Så Hinduane hadde rett,"

"Alle religionar har rett på sin måte," sa Eg, "gå med meg."

Du følgde etter ettersom me gjekk gjennom tomrommet.   "Kor skal me?"

"Inga plass spesielt," sa Eg.   "Det er berre fint å gå mens vi pratar."

"Så kva er vitsen, då?" spurte Du.   "Når eg vert gjenfødd, vert eg jo eit blankt lerret, sant?   Ein liten unge.   Så erfaringane mine i dette livet vil ikkje bety noko-"

Eg slutta å gå og tok deg i skuldra.   "Sjela di er meir fantastisk, vakker og enorm enn du nokon gong kunne forestilla deg.   Eit menneskesinn kan berre innehelde en bitteliten brøkdel av kva du er. Det er som å stikke fingeren i eit vannglass for å sjå om det er varmt eller kaldt.   Du legg ein liten del av deg sjølv inn i ein behalder, og når du tek han ut har du alle erfaringane den hadde.

"Du har vore i eit menneske dei siste 48 åra, så du har ikkje strukket ut enno og kjendt resten av din enorme bevisthet.   Viss vi vert her lenge nok, ville du byrja å hugse alt.   Men det er inga vits i å gjere det mellom kvart liv."

"Kor mange gonger har eg vorte gjennfødd, då?"

"Mange.   Veldeg mange.   Og inn i mange ulike liv." sa eg. "Denne gongen vert du ei kinesisk jente i 540 e.kr."

"Vent, kva?" stamma Du.   "Sendar du meg tilbake i tid?"

"Vel, teknisk sett.   Tid som du kjenner det eksisterar kun i ditt univers.   Ting er annleis der eg kjem frå."

"Kor du kjem frå?" sa Du.

"Jada," forklarte Eg "Eg kjem frå ein stad.   Ein anna sted.   Og det er andre som meg.   Eg veit at du vil vite korleis det er der, men ærlig talt ville du ikkje skjøne."

"Å" sa du, litt nertrykka.   "Men vent.   Viss eeg vert gjennfødd andre stader i tid, kunne eg ha prata med meg sjølv."

"Jadå.   Skjer heile tida.   Og sidan begge liva berre er beviste på si eige livstid veit du ikkje eingong at det skjer."

"Så kva er vitsen?"

"Tullar du?" spurte Eg.   "Tullar du?   Du spør meg om meininga med livet?   Er ikkje det litt stereotypisk?"

"Vell det er ein fornufteg spurnad," fortsatte du.

Eg såg deg i auga.   "Meininga med livet, grunnen til at eg skapte heile dette universet, er for at du skal modne."

"Meiner du menneskeheita?   Vil du at me skal modne?"

"Nei, berre deg.   Eg skapte heile dette universet til deg.   Med kvart nye liv vert du modnare og ein større og smartare intelegens."

"Berre meg?   Kva med alle andre?"

"Det fins ingen andre," sa Eg.   "I dette universet er det berre meg og deg."

Du såg tomt på meg.   "Men alle menneska på jorda..."

"Alle er deg.   Ulike inkarnasjonar av deg."

"Vent.   Eg er /alle/!?"

"No byrjar du å skjøne," sa Eg, med eit gratulerande slag i ryggen.

"Eg er kvart einaste menneske som nokon gong har levd?"

"Eller som nokon gong vil leve, ja."

"Eg er Jens Ståltenberg?"

"Og du er Albert Einstein," la Eg til.

"Eg er Hitler?" sa Du forferda.

"Og du er alle han drepte."

"Eg er Jesus?"

"Og du er alle som følgde han."

Du vart stille.

"Kvar gong du drepte nokon," sa Eg, "drepte du deg sjølv.   Kvar person du har hjulpe, er deg sjølv.   "Kvart lukkelige og triste augneblink nokon gong erfart av noko menneske, eller vil verte, erfart av deg."

Du tenkte lenge.

"Kvifor?" spurde Du meg.   "Kvifor gjere alt dette?"

"Fordi ein dag, vil du verte som meg.   Fordi det er det du er.   Du er ein av min art.   Du er mitt born."

"Kva," sa du, mistruande.   "Meiner du at eg er ein gud?"

"Nei.   Ikkje enno.   Du er eit foster.   Du veks enno.   Når du har levd heile kvart einaste menneskeliv nokon gong, vil du ha vokst nok til å verte fødd."

"Så heile universet," sa du, "det er bare..."

"Eit egg." svara Eg.   "No er det på tide å byrje ditt neste liv."

Og Eg sendte deg avgarde